Norsk ølhistorie frå Odins skål til i dag - Sissel Brunstad

449,00 kr
449,00 kr

Øl har til alle tider hatt ei avgjerande rolle i folks kvardagsliv og levesett, frå oldtidas Mesopotamia til dagens mangfaldige mikrobryggeri. Ølet har vore med gjennom heile livet – frå barselsøl til gravøl, til helg og høgtid gjennom fleire hundre år. Det har vore ein viktig ingrediens i spelet om politisk og religiøs makt og status.

Sissel Brunstad tek oss med på ei reise i norsk ølhistorie, som for første gang er samla mellom to permar. Brunstad har grave i gamle kjelder, snakka med dei fremste ekspertane og med ølbryggjarar i heile landet som framleis bryggjar på gamlemåten.

Norsk ølhistorie – frå Odins skål til i dag er eit must for alle ølelskarar og historieinteresserte. Den gamle bryggekunsten kan vere til inspirasjon for alle entusiastiske hobbybryggarar.

"Et funn!»