Snøhumla Mille -Janne Marit Øye

199,00 kr
199,00 kr

Humla Mille elskar sommarens mylder av fargar, lydar og smakar. Dag inn og dag ut flyg ho over enga full av blomstrar og dyr. Etter kvart visnar blomstrane, trea tek på seg haustkåpa og vinden bles tvers gjennom den vesle humlekroppen. Mille er heilt åleine. Ho frys og er redd. Med dei siste kreftene klarar ho å berge seg inn i ei hole høgt oppe i eit tre. Så sovnar ho.

Når ho vaknar, er ikkje Mille lenger åleine. I hola bur òg edderkoppen Spindella.

Eit eventyr om haust og vinter, vennskap og mykje varme.

Sagt om boka:

«Denne boka er vakker.»

«Det struttar glede og sprudlande fantasi ut av sidene.»

Marit Bendz, Nrk Sogn og Fjordane

«Ei vakker lita forteljing om vennskap og varme.»

«Ei triveleg og engasjerande bok for barn.»

«Janne Marit Øye har skrive ei nydeleg historie om snøhumla Mille, og Anne Angelhaug er meister for vakre illustrasjonar.»