Dagen utanfor av Stina Langlo Ørdal

249,00 kr
249,00 kr

Dagen utanfor er ei poetisk forteljing om ein gut som har mista farfaren sin, om ei daud humle som gir trøyst, og om uvanleg grå dagar i livet. Boka handlar om å takle sorg, finne trøyst og vera der for kvarandre. Ho handlar òg om å forstå noko så ukonkret som døden, for eit barn. På poetisk vis tek Ørdal opp dette vanskelege temaet, utan å bli sentimental.

Boka passar for barn i alderen 4–8.

Sagt om boka:

«Så sår. Så nydeleg. […] Vaksne bør skaffa seg boka, her er både trøyst og lærdom. »

«Dagen utanfor tek opp vanskelege tema på eit poetisk vis utan å verte for sentimental.»

«Det er vakkert, talende og empatisk. En bok vi voksne også kan bli kloke på og finne trøst i. […] Denne rike fortellingen uttrykker en stor forståelse for barns ståsted, for barns evne til å takle savn og uttrykke omsorg. Den er ikke sentimental, men rørende i sin enkelhet og konkretisering. […] Kontrasten mellom fargene i hverdagen utenfor huset og det grå interiøret forteller slående enkelt om tomheten og sorgen som vrenger hverdagen.»

«Ei bok som kan setje i gang samtalar på sengekanten.»